Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Tilbake til oversikten

Kulturkveld Ås mållag: Leif Høghaug "Jonas Gahr Støre - eit dikt

Plakat Kulturkveld Ås mållag: Leif Høghaug

Sted

Ås bibliotek Ås bibliotek Moerveien 1 1430 Ås
Vis på kart

Billetter

Billetter 100,00

Beskrivelse

Leif Høghaug har skrive eit fargerikt langdikt på nynorsk om fattig, rik, og politikk – særleg Arbeidarpartiet si historie. I diktet møter vi Bibelens Jonas i kvalfiskens buk og Antikkens Odyssevs, norrøne Eddadikt og Dantes dikting, og mykje meir.

I valkampen har mange etterlyst kulturen. Er ikkje veljarane opptatt av den ? Er den felles arven i ferd med å bli gløymd ? Kva skal vi med «unyttige» fag som nynorsk?

Forfattaren presenterer boka, og tar imot spørsmål og kommentarar frå politikarar og publikum.

Leif Høghaug er busett på Gran på Hadeland og er utdanna litteraturvitar. Han har undervist ved Universitetet i Oslo og Forfattarstudiet i Bø i Telemark og skrive bokmeldingar og essay for ei rekkje aviser og tidsskrift. I åra 2010– 2015 arbeidde han som redaktør i Bokvennen Forlag. Høghaug er også omsetjar og har mellom anna omsett bøker av Julian T. Brolaski og Marx og Engels' Det kommunistiske partis manifest til norsk, og han arbeider for tida med ei komplett omsetjing av James Joyces Finnegans Wake.

Høghaug debuterte i 2012 med diktsamlinga Fama. I 2017 kom hans andre diktbok, Kommunion, og i 2019 kom hans første roman Kælven (omsett til tysk og engelsk) (fra Samlagets hjemmeside).

Arrangementet er ved Ås mållag

Inngangspengar: 100 kr

Kaffi/te og sveler tilgjengeleg frå 18:30

Boksal

Foto: Rolf M. Aagaard

Arrangør

Ås bibliotek

Kontakt

Tlf.: 64962372 Nettside