Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Tilbake til oversikten

Arbeidernes kampdag i Ås

Plakat Arbeidernes kampdag i Ås

Sted

Moerveien 1 Moerveien 1 1430 Ås
Vis på kart

Billetter

Gratis

Beskrivelse

Arbeidaranes internasjonale kampdag er viktigare enn nokon gong. I ei tid prega av aukande ulikskap, internasjonale konfliktar og ei veksande høgrebølge i Noreg, er det avgjerande at vi står saman for solidaritet, likeverd og rettferd. 1. mai er dagen då vi markerer kampen for arbeidaranes rettar og minner kvarandre på verdien av fellesskap.

I Ås inviterer vi til ei feiring som set desse verdiene i sentrum. Gjennom appeller frå ulike politiske parti og fagforeiningar, samt kulturelle innslag, samlast vi for å løfte stemmen til arbeidarar, styrke fellesskapet og stå opp mot urettferd. La oss bruke denne dagen til å vise at vi framleis kjempar for eit samfunn der alle har like moglegheiter og rettar.

Program for 1. mai i Ås 2025
Stad: Moerveien 1 ved Kulturhuset, Ås
09:00: Flaggheising
09:05: Hovudappell ved Kirsti Bergstø (SV)
09:20: Appell ved Åsmund Aukrust (AP)
09:30: Koret Rødstrupen syngjer
09:45: Frokost
11:00: Appell ved Kjersti Bakkebø Fjellstad (SV)
11:04: Appell ved Joachim Espe (Rødt)
11:08: Appell ved Kristoffer Robin Haug (MDG)
11:12: Appell ved Line Kvalberg (Fagforbundet)
11:16: Appell ved representant frå Sjukepleierforbundet
11:20: Appell ved Ahmed Muchtaha (Palestinakomiteen)
11:24: Allsang
11:30: Avgang for toget, leia av Åsblesten

Arrangør

Ås SV

Kontakt

Tlf.: 46446829 Nettside