icon rss footer hover.png icon facebook footer hover.png icon mail footer hover.png icon insta footer hover.png
2017-06-23 Mariann sykle til jobben

Kvardagslukke på to hjul!

Nokre gonger er det ikkje til å tru kva som kan hende når man gjer enkle grep i kvardagen. For Mariann blei sykling ei skjelsettande hending i livet hennar.

Tips en venn Skriv ut

Me er i Ås kommune i Follo, og skal få møta Mariann. Ho sit vanlegvis på kontor på rådhuset i bygda, og bur i Kråkstad, om lag ni kilometar frå arbeidsplassen. Kollegaene hennar skal vera med i aksjonen «Sykle til jobben», og vil ha med Mariann på laget. (Kommunen betalte deltakaravgifta for alle Ås-buarar i år, så det var få, om nokre, grunnar til ikkje å vera med.)

Ho tar raskt ei avgjerd, og kjøpar seg ein ny sykkel, og sjølvsagt høyrer hjelm med. Sjølv om sykkelen er moderne, må ho framleis trå sjølv, ho får ikkje nytte av ein elektrisk motor.

Lagkameratane muntrar henne opp, særleg lagleiar Hildegunn Sandvik heiar ivre på Mariann. Dei gode kameratane spanderar sykkelhanskar til Mariann på hennar 36 års dag 19. mai. Mariann er særs takksam.

No er det gått to månader, og vi vil høyra korleis det har gått med draumen om eit betre liv med sykkel.

  - Eg hadde aldri byrja sykle utan at eg blei med i aksjonen, fortel Mariann, det er berre så #Den kjensla!

Rykte har spreidd seg om ei jente som nesten har vorte heilt forvandla.

  - Eg er i mykje betre form, og i mykje betre humør! Når eg syklar over jordene er det som eg får lyst til å seia som Carola; Fångat av en stormvind!

Humøret er smittsamt, og fotografen undrar om ikkje Mariann kan finne på nokre ablegøyer for å visa korleis den sprudlande kjensla ho får av å sykla kan arte seg. Mariann er ikkje vanskeleg å be, ho gjer akrobatiske øvingar, med og utan sykkelen.

  - Bikini- og sommarkroppen 2017 er i rute, skjemtar Mariann.

Me er ikkje i tvil, du treng ikkje flytta til ein avsidesliggande stad og bu åleine for å finne deg sjølv og kvardagslukka; du treng bere kjøpa ein sykkel!

2017-06-23 Mariann sykle til jobben

2017-06-23 Mariann sykle til jobben

2017-06-23 Mariann sykle til jobben (2)

2017-06-23 Mariann sykle til jobben

2017-06-23 Mariann sykle til jobben

2017-06-23 Mariann sykle til jobben

Og med eit særs stort glimt i augo takkar fotografen og Mariann Jøssang for seg, og oppmuntrar alle til å taka del i neste års sykle til jobben!

2017-06-23 Mariann sykle til jobben

 

 

 

 

Ås kommune| Skoleveien 1 1430 Ås | Postboks 195 1431 ÅS | Telefon: 64 96 20 00| Organisasjonsnummer: 964948798 |

Ansvarlig redaktør: Trine Christensen | Webredaktør: Ivar Ola Opheim |

Web levert av CustomPublish
Vi bruker informasjonskapsler (cookies) slik at vi kan yte deg bedre service. Informasjonskapslene blir hovedsakelig benyttet for trafikkmåling og optimalisering av tjenesten. Du kan lese vår personvernerklæring og mer om vår bruk av informasjonskapsler her